Ungdomsdiakon/Dagleg leiar inntil 100% stilling

Søknadsfrist: 20.april 2018

Vis stillinginfo Søk på stillingen

Vi søkjer ein engasjert, motivert og utviklingsorientert person som kan gå inn i og vidareutvikle Basecamp, eit unikt ungdomsdiakonalt arbeid i ein region i rask vekst!

 

Ansvarsområdet for vår ungdomsdiakon/dagleg leiar:

Leiing av Basecamp med personalansvar for dei tilsett i dei ulike tiltaka. Som leiar rapporterer du direkte til styret og årsmøtet

• Arbeid med og oppfølging av tiltak retta mot ungdom

• Følgje opp kontakten med eksisterande samarbeidspartnarar og næringslivet

• Legge til rette for og utvikle samarbeid med nye partnarar

• Ha ansvar for å rekruttere, utruste og rettleie tilsette og frivillige medarbeidarar

• Vidareutvikle og følgje opp Basecamp slik at det held fram med å vere eit unikt merkenamn i Region Vest

 

Ønska kvalifikasjonar:

• Primært ønskes kvalifikasjonar ihht tenesteordning for diakonar i Den norske Kyrkje, men anna relevant utdanning på høgskulenivå kan og vere aktuell. Sosialfagleg bakgrunn er ein fordel.

• Erfaring frå førebyggjande arbeid med ungdom og kjennskap til regionen er ein fordel

 

Personlege eigenskapar:

• Evne til å motivere og engasjere menneske, samarbeidspartnarar og økonomiske støttespelarar

• Gode samarbeidsevner

• Initiativ og kreativitet

• Personlege eigenskapar tel sterkt med ved tilsetjing

 

Basecamp kan tilby:

• Spanande arbeid mellom ungdom i ein framtidsretta region på eit av dei største kjøpesenter i Noreg

• Tilsetjing på vanlege vilkår

• Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring

• Bedriftshelseteneste

• Løn etter gjeldande avtaleverk

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt: styreleiar Torbjørn J. Fjøren, mob. 9229 5377, e-post: torbjorn.fjoren@fjell.kommune.no, el. rådgjevar Annlaug Børve, mob. 47304530, e-post: ab766@kyrkja.no