Kid Interiør søkjer ny butikkleiar!

9. september 2018 Vis stillinginfo Søk på stillingen

Kid er Noregs største og mest lønsame tekstil- og interiørkjede, men ein landsdekkjande portefølje beståande av ca. 140 heileigde butikkar, inkludert  ein nettbutikk. Produktutvalet varierer frå gardiner og sengetøy til dekorative artiklar og tilbehør til heimen. Selskapet blei i november 2015 notert på Oslo Børs. Kid har ein solid økonomi med ei samla omsetning på 1,4 mrd. NOK og eit driftsresultat på 180. mill. NOK (2017). Kids strategi er å tilby kunden kvalitetsprodukt frå sitt utval, beståande av eigenutvikla merke til gode prisar, gjennom inspirerande butikkar, inkludert nettbutikk. Vår kultur er prega av kremmarånda, inspirasjon og dedikerte menneske. Selskapets hovedkontor ligg i nye og moderne lokale i Lier, kun 30 minutt frå Oslo. 

Er du ein butikkleiar med høgt resultatfokus?

Vi søkjar deg som er resultatfokusert og som har ein klar forståing av korleis du skal få med deg heile butikkteamet til å jobbe mot dei same måla.

 

Hos oss får du moglegheita til å få ein spennande karriere hos ein av Noregs største og mest lønsame detaljhandelskjede. Kid er ein inspirerande og moderne butikk, med dediserte og positive medarbeidarar. Hos oss veit vi at motiverte medarbeidarar utgjer ein skilnad. Vi leiter difor etter butikkleiarar som forstår at motiverte og inspirerte medarbeidarar skapar gode kundeopplevingar.

 

Du leverer resultat, og har høg gjennomføringsevne på kjedas kampanjar. Du ønskjer å arbeide i ein levande butikk, med stadig fornying. Og vi trur at du likar å ha fokus på butikkens visuelle uttrykk, og det å alltid kunne gi kundane eit inspirerande besøk.

 

Som butikkleiar i Kid er du kjedas ansikt utetter, og difor vil ditt engasjement og gode humør være viktig.

 

Ansvarsområde

  • Innfri planlagde budsjett og målsettingar
  • Daglig drift av butikken
  • Planlegging og oppfølging av butikkens kampanjar og sesongar
  • Personalleiing, utvikling og motivering av dine tilsette  

 

Du

  • Har vist gode leiareigenskapar og kan vise til gode resultat frå butikkdrift
  • Er resultatfokusert og har stor arbeidskapasitet
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig, og å nå resultat gjennom andre
  • Har interesse for interiør, design, motar og trendar

 

 

Vi tilbyr

  • Ei leiarstilling med utviklingsmoglegheiter
  • Karrieremoglegheiter hos ein av dei leiande aktørane innan interiør og norsk detaljhandel
  • Konkurransedyktig lønn og bonusordning
  • Ein spennande jobb med daglige utfordringar

 

Butikkleiar rapporterer direkte til regionsleiar.

 

I Kid Interiør gjennomfører  vi kredittsjekk av alle kandidatar som blir vurdert aktuelle for ein butikkleiarstilling. I slike tilfelle kontaktar  vi kandidaten på førehand for å få vedkomandes samtykke.

 

Søknadsfrist 9. september

 

Send din søknad her

 

Kontaktperson:

Marianne Aak

Regionsleiar

977 34 516

mariannea@kid.no